Eg vurdera faktisk å droppe trening i dag, men det gjorde eg ikkje! Eg må vera flink å trene kvar dag, viss ikkje så blir eg så slapp og lat på det… Og da blir det ikkje noko trening i det heile tatt, og det er ikkje bra. I dag stod det styrke på treningsplanen min, eg gadd desverre ikkje gå opp på styrkerommet så eg tok det på rommet. Ein treng ikkje masse aparat for å trene styrke, det er masse ein kan bruke kroppsvekt til, og sit ups, push ups, planken er nokre døme på det :)
I dag trente eg armemusklane mine ganske mykje, skal prøve å få litt meir styrke og bli sterk i armane! Eg hadde ikkje vekter, men eg hadde to tomme brusflasker(halvannenliter) som eg fyllte med vatn og bruka til å gjera forskjellige øvelsar med ;) Funka veldig bra! Nå blir det nok litt lesing på lekser også blir det å legge seg ;)
- Silje
